Gå tilbake til:
Du er her:
Klimademonstrasjon på Torgallmenningen

Ikkje-kommersielle lag, foreiningar og organisasjonar i Bergen kommune kan søke om tilskot til klima- og miljøtiltak. 

Frist for å søke er 1. mars 2022.

I 2022 er tilskotet på til saman 4.099.000. Tilskotet skal medverka til ei miljøvenleg og berekraftig utvikling i Bergen i tråd med Grønn strategi.

Krav og vilkår

Formelle krav:

  • Søknaden skal vera levert innan fristen.
  • Søknaden skal innehalda eit budsjett der det går fram korleis midlane frå kommunen skal nyttast. 

Vilkår for å motta støtte:

  • Tiltaket skal ha ei tydeleg målsetning, og tiltaket skal fremja måla i Grønn strategi. 
  • Tiltaket skal gagne ålmenta (private tiltak får ikkje tilskot). 
  • Tiltaket skal ha ei tydeleg tidsramme. 
  • Midlane frå denne ordninga skal gå til tiltak/prosjekt, og ikkje til rein drift av organisasjonar. Organisasjonar kan søke om driftstilskot frå denne ordninga: Tilskudd til miljøorganisasjoner

Tiltak som ikkje får støtte frå denne ordninga:

Om søknadsprosessen

Søknadsfrist: 1. mars 2022.

Prosess: Klimaetaten vil så snart som mogleg etter 1. mars 2022 utarbeide ei innstilling til fordeling av tilskotet. Denne innstillinga skal vedtakast av byrådet. Utbetaling av midlar skjer kort tid etter vedtaket er fatta. Det skal leverast inn rapport om prosjektet etter at tiltaket er gjennomført. 

Klima- og miljøtilskot