Søknadsomgangen for året 2023 er åpnet. Søknadsfrist 15. februar.
Kommunen ønskjer at tilskotsordninga for urbant landbruk skal stimulere til at fleire går saman om å dyrke etelege vekstar i byrom, parkar og bumiljø. Då kan vi få ein grønare by, gode nabomiljø og nye møteplassar.
Send inn søknad der du fortel om dyrkingsprosjektet ditt og set opp eit budsjett.
Når søknaden er vurdert, vil du få tilsendt eit vedtak med informasjon om klagefrist. Om du har fått innvilga tilskot, vil du få utbetalt pengane.
Set i gang med dyrkingsprosjektet.
Send inn rapport til kommunen når du er ferdig med prosjektet. Vi sender ut eit purrebrev rett før rapporteringsfristen går ut. Kommunen vil krevje å få betalt tilbake tilskot som ikkje er brukt.
Målet er å auke innbyggjarane sine kunnskaper om matproduksjon, og legge til rette for ein grønare by, gode nabomiljø og attraktive møteplassar som kan gje høve til aktivitetar på tvers av alder, kjøn og opphav.
Bystyret vedtok i oktober 2019 ein kommunal strategi for arbeidet med urbant landbruk:
Bybonden i Bergen er ein viktig samarbeidspartnar for Bergen kommune. I dag består Bybonden i Bergen av eit team på tre som alle er ansatt i Stiftelsen Lystgården, eit hus som arbeidar med dyrking og mat som fokus.
Bybøndene i Bergen
Bilde: Vilde Valland Aarseth
Nabolag, organisasjonar og grupper som treng råd om urban dyrking kan ta kontakt med Bybonden i Bergen på bybonden@lystgarden.no.
Bybonden kan gje råd over telefon eller epost, og i nokre tilfelle komme på befaring til potensielle dyrkeprosjekt i og rundt Bergen.
Sjå gjerne nettsida lystgarden.no eller følg Bybonden i Bergen på Instagram og Facebook.
Småskala grøntproduksjon Vil du dyrke grønnsaker i småskala produksjon? Les om markedshager (link: https://www.markedshage.no/nb/), og prat gjerne med Bybonden i Bergen.